Vidsyn Musikkfestival har ingen eigen festivalcamp. Me håper dei som kjem tilreisande til Rosendal i høve festivalen klarar å finne seg overnatting sjølv.
Som eit tilbod til festivaldeltakerne som vil overnatta i telt, har Rosendal Bubilparkering satt av eit område til dette. Rosendal Bubilparkering, som ligg i sentrum av Rosendal, har tilgjengeleg toalett, dusj og vaskerom for sine gjester. Pris pr døgn er kr 300. Dersom du overnatter i 3 døgn, betalar du kr 750. Dei har ingen booking – så her gjeld prinsippet om førstemann til mølla.
Det er også fleire andre overnattingstilbud i Rosendal, både hotell (Rosendal Fjordhotell og Rosendal Turisthotell), gjesteplassar for båt i Rosendal Hamn og Rosendal Hyttetun.
I tillegg er det fleire utleigehus på AirBnB.
Me håpar du finn eit overnattingstilbod som passar for deg.