Cherry Cinema
Etter å ha fått festivalgjengarar over hele landet til å danse under namnet car.pool de siste åra, slapp Cherry Cinema sin første låt under nytt namn hausten 2022.
«Don’t Do It» smalt rett inn på spelelistene på P3, og fleire store spelelister både på Spotify, Tidal, Apple Music osv. Det markerte også starten for en ny epoke, som endte opp med EPen Crystal Clear: Disc 1 seinare same haust.
Bandet vant vestlandssatsinga i 2020 og drog på sommarturné i 2021 på store festivalar som Mablis, Utkant og Tysnesfest og har delt scene med Highasakite, Daniel Kvammen og Skambankt.
Musikalsk sett har bandet no verkeleg funnet sitt sanne eg, med ein meir tydeleg og sjølvsikker sound. Du kan høyre både Paramore, Mitski og Electric Youth i lydbildet, men først og fremst er dette umiskjenneleg Cherry Cinema, 80-tallet reinkarnert i et hardtslåande indiepop-band frå Kristiansand.
No i vår har Cherry Cinema kome med sin nyaste EP, Crystal Clear: Disc 2. Og me gleder oss til å oppleve dei live på Vidsyn Musikkfestsival.